Søk i denne bloggen

mandag, mars 06, 2006

Vandring

 

Eg har tidlegare nemnt Eyvor på bloggen, ho eg gjekk i klasse med på vidaregåande skule, og som eg fann ut gjer det kjempebra som vokalist i eit band med namnet Vandring (klikk og les meir om dei). Bandet er ungt, men har veldig godt potensial.

Eg har høyrt på nokre av songane deira, og rådar også deg å gjere det same :-) Nedanfor finn du eit par:

Som skugge for sola

Flyg meg til verda

Dei skriv alle tekstene sine på nynorsk, sjølv om dei alle er bokmålsfolk :-) Det har blitt konsertar fleire stader i Noreg, mellom anna Oslo og Bergen. Musikken er original og difor spennande; dei kallar han for "folkrocktronika". Eit album har det også blitt! Ikkje verst i det heile :-)



På bileta kan du sjå Eyvor og bandet. Eg hugsar Eyvor som ei særs kreativ jente. Ho likte musikk, så at ho har blitt ein bra vokalist er ikkje noka bombe. Men kor godt Eyvor likte nynorsk hugsar eg rett og slett ikkje; ho er i alle fall flink.

Likar du musikken deira, så klikk her og røyst på dei. Dei er med i konkurransen "Øresus". Vinnaren får spele på Raumarock-festivalen.

Eg ynskjer dykk lykke til vidare!

4 kommentarer:

frank sa...

Å, jeg blir helt rørt over at du skriver nynorsk her:)

Kan gå gjennom språklige ting på msn, men dette var ikke verst! Og bandet høres kult ut, litt i samme gate som Gåte, kanskje...

Lektor Burner sa...

"Kan gå gjennom språklige ting på msn, men dette var ikke verst!"

Unnskyld, lærer, kan du hjelpe meg?

Lektor Burner sa...

Tar det tilbake! Du er jo strengt tatt ikke lærer når du ikke har praktisk-pedagogisk utdanning ;-)

Frank, the well-adjusted queer sa...

Det er hyggelig å se at du legger så mye vekt på alles kjære ppu-studium:) Ser det ut som drit, lukter det drit, høres ut som drit, ja da må det jo bare være drit, haha:P